get_queried_object(); $id = $cu->ID; ?>

Høgdepunkt frå året som gjekk

Kvar vår sender vi årsrapporten vår til departementet og Stortinget. Sjølve behandlinga av årsrapporten skjer først til hausten, men for oss i Datatilsynet er dette eit godt høve til å stoppe opp og reflektere over kva for retning personvernet tek i Noreg.

Årsrapporten for 2025 teiknar eit bilete av eit år med høg aktivitet og ein digital kvardag i rask endring. Vi ser at teknologien grip djupare inn i liva våre enn før, noko som stiller nye krav til oss som tilsynsstyresmakt og til verksemdene der ute. For å gje eit bilete av situasjonen, vil eg løfte fram tre trendar som særleg har markert seg, og som vi veit vil krevje mykje av oss også i tida som kjem.

Kraftig auke i talet på klager – ved hjelp av kunstig intelligens (KI)

Talet på klagesaker auka med heile 105 prosent frå 2024. Dette er klager frå enkeltpersonar som meiner at rettane deira er brotne. Auken i klager har skjedd over tid og er ikkje overraskande. Men ein ny, tydeleg trend vi ser, er at mange av klagene som vert sendt inn til oss, er utforma ved hjelp av KI-verktøy. Dette gjev oss fleire og meir komplekse klager. Vi ser at mange av KI-klagene er generelle og i liten grad faktabaserte, noko som gjer saksbehandlinga vår meir tidkrevjande.

Vi arbeider konstruktivt med å møte denne utviklinga, med rettleiing eksternt og forsvarleg bruk av KI og andre verktøy i den interne drifta vår. Vi bruker KI mellom anna som eit støtteverktøy i saksbehandlinga, og håper på sikt at dette vil hjelpe oss å handtere klagene både effektivt og med høg kvalitet.

Personvernet til barn og unge under press

Personvernet til barn og unge har vore eit av våre prioriterte område i 2025. Vi gjennomførte tilsyn med skular i 50 kommunar over heile landet. Målet var å undersøkje korleis personvernet til elevane blir ivareteke i digitale læringsplattformer som blir brukte i undervisninga. Funna var alarmerande. Hundrevis av digitale verktøy blir ikkje vurderte godt nok før dei blir tekne i bruk. Fleire kommunar uttrykkjer også eit stort behov for betre og meir omfattande koordinering når det gjeld vurdering av personvernet i dei digitale læringsverktøya.

Personvernet til barn og unge var også tema då regjeringa la fram forslag til ei ny lov om aldersgrenser i sosiale medium. Her bidro Datatilsynet med å synleggjere personvernkonsekvensane i den offentlege debatten og i høringssvaret vårt.

Vi har også laga eit nytt støtteverktøy for foreldre i samarbeid med Utdanningsdirektoratet. Verktøyet er gratis tilgjengeleg på nettstaden Dubestemmer.no og skal hjelpe foreldre med å snakke med kvarandre og med barna sine om personvern og digital dømmekraft.

Kunstig intelligens og ei uroleg verd

Det siste året var dessutan prega av auka bekymring rundt korleis dei internasjonale teknologigigantane tek vare på personvernet, særleg når det gjeld trening av KI-modellar. Dette har vi følgt opp i det internasjonale arbeidet vårt inn mot Det europeiske personvernrådet (EDPB). Vi publiserte mellom anna rettleiing for å hjelpe enkeltpersonar med å reservere seg mot at opplysningane deira blir brukte til KI-trening på ulike plattformer då dette vart lansert.

Personvern er ein menneskerett. Datatilsynet har ei nøkkelrolle i å bidra til å sikre at personvern er ein del av det solide fundamentet som må liggje til grunn for å kunne nytte moglegheitene i kunstig intelligens, setje fart på den nødvendige omstillinga i samfunnet og for å fremje innovasjon. I den geopolitiske situasjonen vi har i dag, må vi likevel tenkje både innovasjon og tryggleik samstundes. Skal vi lage robuste og trygge løysingar for framtida, er vi heilt avhengige av at konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit ligg som ein grunnmur i all utvikling som blir gjort.

Årsrapporten for 2025

Dette er berre ein liten smakebit av det som stod på agendaen vår i fjor – og som framleis vil vere noko vi følgjer nøye med på framover. For det fulle biletet vil eg tilrå eit djupdykk i årsrapporten for 2025.

Algoritmene har innfridd – hva nå?

Algoritmene er kodet for å påvirke oss, og har langt på vei lykkes med å forandre livene våre. Det påkaller et krav om at politikerne våre også må være politikere i det digitale samfunnet. Bare slik kan vi styre teknologien i riktig retning. Vi har alle sett den...

les mer

Kameraovervåking med personvern i fokus?

«Intelligente» overvåkingskameraer blir stadig oftere tatt i bruk. Disse kameraene gjør dyptgående analyser av atferden til de som blir overvåket, og kan derfor potensielt være særdeles inngripende. Men hvordan sikrer vi personvernet ved bruk av slik teknologi?...

les mer

En reklamefri skole uten sporing skulle vel bare mangle?

Denne bloggen er opprinnelig et innlegg som ble sendt inn i tilknytning til debatten om reklame i skole som har gått på NRK Ytring (nrk.no). De valgte dessverre å ikke publisere vårt tilsvar til Tonje Brenna, men det kan leses i sitt hele her. Innlegget er signert...

les mer

En personvernguide til Arendalsuka 2023

Den andre uka av august, butt i butt med sommerferien for mange, er det Arendalsuka igjen. I år som i fjor er digitalisering og kunstig intelligens tema hos flere. Et raskt søk i programmet viser ikke overraskende at generativ AI har gjort sin inntogsmarsj. Hele 13...

les mer

Vurdering av personvernkonsekvenser i lovprosessen

Uten en oversikt over personvernkonsekvensene av et lovforslag, er det svært vanskelig for Stortinget å sørge for at innbyggernes personvern er ivaretatt. Denne teksten er utdrag fra et foredrag jeg holdt under Lovkonferansen i juni 2023. Norge er et av verdens mest...

les mer

GDPR: Fem år med spennende utfordringer – og litt magi

Personvern er et praktisk fag. Alle norske virksomheter må, i en eller annen utstrekning, forholde seg til personvernregelverket – personvernforordningen (GDPR) og personopplysningsloven. Det å tilegne seg både grunnleggende kunnskap om selve regelverket og praktisk...

les mer

Arkiv