get_queried_object(); $id = $cu->ID; ?>
Avatar photo

Kva er kiloprisen på tillit? Sei det! Uansett – i ei tid der vi snakkar om persondata som det nye gullet, blir det stadig tydelegare at tilliten din er sjølve diamanten.

Cyberangrep er stadig i overskriftene, og det er berre å innsjå det – vi menneske er det svakaste leddet. Nokon av oss klikkar febrilsk unna alle varselboksar som poppar opp, og jobbar uforstyrra vidare. Nokon deler villig vekk persondata på ukjente sider. Andre har innsikt i farane der ute, men med oppblåst, digital sjølvtillit hoppar dei over it-sjefens kurs for alle i bedrifta. Det er som regel gammalt nytt. Våre forkunnskapar om og interesser for informasjonssikring er forskjellige. Det er utfordrande for dei som prøvar å førebyggje mot cyberangrep og phishing. Korleis kan vi lage ei opplæring som funkar?

Å gjere informasjonssikring interessant

Kva om vi kunne få til spesialtilpassa opplæring på jobb, for å sikre oss mot både sosial manipulasjon og «hacking»? Ei opplæring som treff oss med akkurat dei tiltaka vi treng, og med pedagogiske triks som gjer oss motivert til å lære? Det er muleg. Det er berre ein liten hake ved det. All denne informasjonen som trengs for å vite kva som funkar på akkurat deg – kven skal ha tilgang til den?

Ville du hatt tillit til at sjefen ikkje brukte slike sensitive data, som var meint for tilpassing av opplæringa, for å fordele opprykk og spennande prosjekt? Eller enda verre – som påskott for å bli kvitt upopulære medarbeidarar? Korleis kan dei som utviklar og bruker kunstig intelligens gå fram for å vinne tillit frå tilsette? Dette er nokre av spørsmåla Secure Practice har utforska ilag med Datatilsynet i sandkassa for kunstig intelligens.

Kunstig intelligent, ekte kjent

For å få spesialtilpassa opplæring, må vi først bli kartlagt. Verktyet som Secure Practice utviklar bruker maskinlæring – ei form for kunstig intelligens – for å samle og samanstille informasjon om dei tilsette i ei verksemd.

I verktyet kan tilsette for det første svare på spørsmål om kunnskap og vanar innanfor  informasjonssikring. For det andre kan verktyet byggje på erfaring frå testar, som til dømes simulert phishing. Phishing er ei form for sosial manipulering, der cyberkriminelle for eksempel prøver å lure folk til å trykkje på ei skadeleg lenkje i ein e -post. Simulert phishing er som ei brannøving, der verksemda sender liknande e-post til dei tilsette, men i kontrollerte former. Om ein tilsett klikkar på lenkja eller ikkje, seier noko om kor medviten den enkelte tilsette er om informasjonssikring.

Den samanstilte informasjonen blir deretter brukt til å kalkulere ein risikokategori for kvar enkelt tilsett. Kva for risikokategori den tilsette hamnar i, avgjer kva for opplæring han eller ho får tilbod om.

Tillit må til

Stoler du ikkje på KI-verktyet, vil du kanskje føle deg overvaka. Du kan vegre deg for å for å svare ærleg på spørsmål i kartlegginga. Kanskje vil du også bruke retten du har i personvernforordninga til å protestere mot kartlegginga. Alt dette verkar inn på om det er lovleg å bruke verktyet.

Arbeidsgjevaren kan nemleg berre behandle personopplysningane om deg dersom opplysningane er eigna og nødvendige for å oppnå målet om betre opplæring i informasjonssikring. I tillegg må interessene til informasjonssikring vege tyngre enn dei tilsettes personvern. Protesterer du, krevst det enda meir overvekt for omsynet til informasjonssikring, halde opp mot ditt personvern.

Korleis vinne tillit frå dei tilsette?

For det første må du ha eit system som fortener tillit. Tenestetilbydarar og arbeidsgjevarar må lage gode kontraktar. Det er grunnleggjande å avtale kven som har ansvaret for at KI-systemet blir brukt på ein måte som oppfyller krava i personvernregelverket. Er det arbeidsgjevarane, tenestetilbydarane eller begge i fellesskap? I prosjektet vårt var det dessutan viktig å finne ut kven som skulle ha tilgang til personopplysningane som blir samla inn om den enkelte tilsette. Dei tilsette ville vere betre beskytta, dersom berre tenestetilbydaren skulle handtere desse opplysningane. Kanskje er det ikkje så avgjerande om du stolar på sjefen, dersom du har tillit til tenesteytaren og programvaren?

I tillegg til gode avtalar trengst det tekniske tiltak for å hindre at uvedkomande får tilgang til opplysningane om dei enkelte. Informasjonen om tilsettes svake punkt er gull verdt for “vondsinna” aktørar. Her er pseudonymisering, kryptering og tilgangsstyring nyttige stikkord.

Faren for falsk tryggleik

Men det hjelper veldig lite med verdas sikraste system om ikkje dei tilsette skjønar det eller stoler på det. Dei tilsette må få informasjon om korleis ansvaret er fordelt og korleis opplysningane om dei blir brukt. Informasjonen må vere lett tilgjengeleg og formulert på ein enkel og klar måte.

I prosjektet har vi spurt fokusgrupper med ulik bakgrunn korleis dei ønskjer å få informasjon. Vi erfarte at ikkje all openheit var god. Dersom verktyet for eksempel forklarte nivået på opplæringa med at den tilsette tidlegare var blitt lurt i ein test, kunne det skape irritasjon og stå i vegen for vidare læring.

Vi spurde også kva for informasjon dei var villig til å gi frå seg. Det var store individuelle forskjellar. Somme var opptatt av at opplysningane om dei tilsette vart godt sikra mot tilgang frå arbeidsgjevaren, og at tilsette burde få uttale seg før verktyet vart tatt i bruk. Andre framheva at dei måtte forstå målet med verktyet og korleis det verkar, for å svare ærleg.

Og uærlege svar er rusk i det finstemte KI-maskineriet. Nøkkelen til kunstig intelligens som verkeleg verkar er tillit. Tonnevis med tillit.

Dagens tips frå sandkassa:

Ikkje ta lett på kommunikasjonen med dei tilsette. Den er avgjerande for tilitten. Som er avgjerande for at verktyet verkar.


  • Sluttrapporten frå sandkasseprosjektet med Secure Practice skal vere ferdig og bli publisert i november. Då vil du finne den på Sandkassesiden.
  • Hald deg oppdatert på kva som skjer i sandkassa, søknadsfristar og arrangement ved å abonnere på sandkassas eige nyhendebrev: Sandkassebrevet.
  • Vil du lese meir om korleis svindlarane går fram? Sjå Koronasvindlerne – Personvernbloggen.